I dagens B kamp var Bjørn Kristian Vines skikkeleg på hugget. Dei fem fyrste måla i storsigeren mot Tertnes 2 var det godgutten BK som stod for. Det er ikkje so ofte at nokon scorer fem mål i samme seniorkamp men BK stod for den bedriften i dag. Det kunne blitt fleire men BK blei plassert på venstre back på slutten av kampen for at han ikkje skulle ta heilt av.  Sjølve kampen var jevn i fyrste omgang og Øystese var heldig som ikkje låg under ved pause. Begge lag scora eit mål kvart i fyrste omgang men Tertnes hadde fleire store sjanser som det ikkje blei mål av. Ved ein anledning var det nesten større prestasjon å bomme enn å score. Tertnesspissen runda Øystese sin keeper Vinjar Kristiansen men for heilt opent mål klarte han på merkleg vis å skyte utanfor. Om kampen var jevn i fyrste omgang var det omtrent einvegskjøring i andre omgang. BK scorer 4 raske mål avbrutt av eit Tertnesmål slik at stillinga er 5-2. Deretter scorer Kristian Linga 6-2 målet. På den stillinga vert det straffe til Øystese. Kjetil Dørum Lie er iskald på straffen og aukar til 7-2.  Øyvind Berge teknar seg også på scoringslista då han set inn 8-2. Heilt på slutten vert det enda ein straffe til Øystese. Banens yngste; 14 år gamle Matias Johansen får æren av å score sitt fyrste mål på seniornivå då han sikkert set straffen i mål til 9-2.  A lags trenar Øyvind Olsen sesongdebuterte på fotballbanen i midtforsvaret i dag. Han og Anders Næs sørga for full kontroll i bakre rekker. Men dagens mann var Bjørn Kristian som leverte ein god søknad til meir speletid på A laget

9-2 sigeren over Tertnes 2 sørga for at Øystese 2 tok over tabelltoppen i 6 divisjon. Sjå vedlagte link for tabellen
http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Tabell/?tournamentId=143852