Øystese A sitt A lag møtte i dag Nest Sotra sine reservar.  Muligens ein liten nedtur for reservane å gå frå 17 000 på Stadion på lørdag til 150 i Øystese på ein mandags kveld. Det var eit ungt lag som gjesta Øystese i kveld og heimelaget tok initiativet frå start. Nest Sotra vil ha straffe tidleg i kampen men fellinga starter utenfor slik at dagens dommer trekk frisparket like utanfor 16meter. Frisparket ender i ingenting. Det er i stadenfor Øystese som tek leiinga. Ein ball går ut til innkast og den tek Matias Møvik kjapt før Nest forsvaret er i balanse og setter opp Roar Vestbø åleine med keeper. Frå kort hald får han sett ballen i mål slik at Øystese tek leiinga. Etter pause er det på ny ein situasjon der Øystese tek eit frispark raskt før Nest forsvaret er i balanse. Ballen vert slått kjapt i mellomrom og videre på bakerste der venstre back Philip Eibakk kan sette inn 2-0. Like etter Philip si scoring reduserer Nest Sotra etter eit unødvendig balltap på midten. Men det er ikkje tvil om at det skal bli heimesiger i denne kampen. Matias Møvik vert felt i straffefeltet og Øystese vert tildelt straffespark. Matias tek straffen sjølv og scorer sitt 6 for sesongen. Alle 6 på dødballer. Bjørn Kristian Vines som scora 5 for Blaget i helga kjem også på scoringslista i dag. Ein flott kontring der BK spring frå forsvaret og scorer sikkert med venstrefoten. Litt unødvendig hardt spel på slutten. Fyrst går Roar Vestbø og Nest sin midtstoppar i ein tøff duell og begge pådrar seg gult kort. Kort tid etter kjem Lars Henrik Hellingsrud inn på banen. Etter 10 sekunder vert han takla langt over streken av samme midtstopper. Det ender med ein liten hjernerystelse for Lars Henrik som må forlate banen 1 minutt etter han kom inn.  Kampen ebber ut med 4-1 til Øystese som dermed ligg på ein 3 plass i ein jevn tetstrid. 1 poeng skiller dei fem fyrste laga på tabellen