Ole Henrik Flekstad Vik vert sommervikar i Øystese sin A stall.  Det er nokon år sidan Ole Henrik spelte fotball i Kvam og han kjem no direkte frå Zimbabwe. Ole Henrik flytta til Øystese frå Sotra som 16 åring i 2006 då faren fekk seg jobb i Kvam som sokneprest. Studier har gjort at han har holdt seg på feil side av fjellet dei siste åra. På østlandet har han spelt for Moss og Korsvoll.  Det siste året har han vore i Zimbabwe med idrettens Fredskorps. Der har han holdt fotballformen ved like med spel for Mzilikazi Highrates. I sommer vert han i Øystese og vil trene og spele for Øystese før han flytter østover igjen i august for å fullføre studiene ved Norges Idrettshøgskule. Øystese Fotball ynskjer Ole Henrik velkommen som sommervikar på A laget