Øystese sitt A lag avslutta i dag vårsesongen med siger 4-0 over Vadmyra.  Publikum hadde knapt fått satt seg då Øystese serverte eit mønsterangrep og tok leiinga. 4-5 trekk heilt nede frå forsvar endte ut på kant hos Matias Møvik som forserte ned til dødlinja, la ut 45 grader der Joao Pereira kunne breiside ballen inn i vinkelen. Etter den tidlege leiinga såg det ut som Øystese trudde det kom til å bli enkelt for Vadmyra tok meir over. Fleire farlege sjanser hadde Vadmyra før Øystese våkna igjen. På ein corner frå Møvik nikker Divaldo Cardoso inn 2-0. Roar Vestbø får ein lang ball og kjem åleine med keeper. Han plasserer ballen nede i hjørnet for keeper slik at Øystese kan gå til pause med komfortabel 3-0 leiing. Øystese var svært gode i starten og slutten av første omgangen. I andre omgang får Vadmyra muligheten til å redusere då dei får straffespark. Morten Madsen Skeie er ikkje lett å overliste og går til rett side. Returen setter Vadmyra utenfor. I staden er det Øystese som aukar til 4-0 ved Joao Pereira. Øystese tar dermed tre nye poeng og avslutter ein strålande vårsesong på best mogleg måte