Det er ekstra hyggeleg å ønske Sebastian Skåre Tune velkommen heim! 4 månader etter at Øystese ønska han lykke til i Os er no midtbanemotoren tilbake i heimbygda! Sebastian flytta til Øystese frå Holmlia då han var ungdomsskuleelev. Etter det har han vore ein sentral spelar på gutte, junior og seniorlaget til Øystese. I vår valgte han å prøve lykken på Os sitt hardtsatsande 3 divisjonslag, men er no tilbake i blått! Webredaksjonen har fått eit par ord med Sebastian.

1 – Kvifor kjem du tilbake til Øystese no ?    Eg kjem heim til Øystese no fordi det er eit meget bra lag og fine folk.

2 – Kva har du savna mest med Øystese Fotball når du har vore vekke ?  Da eg har savna mest er å spele på heimebane i Øystese også den fine gjengen som er her

3 – Kor trur du Øystese ender på tabellen etter haustsesongen ? Øystese bør ende topp 3. Eg trur det vert jevnt i toppen, men med tanke på vårsesongen bør me ha topp 3 som mål

4 – Har du nokon ord til fansen om kva du vil bidra med i haust ?  Dei fleste kjenner meg og veit kva eg står for. Men eg vil bidra med løpskraft og forhåpentligvis nokon målpoeng!

 

Øystese Fotball ynskjer Sebastian velkommen heim og lykke til med haustsesongen!