Den gamle sirkushesten Cato Guntveit har fått ferten av Øystesesagflis og er klar for comeback i blått! Cato er ei levande legende i Hordalandsfotballen og er ein av dei med flest obligatoriske kamper for Brann. Cato debuterte for Brann i 95 (før fleire av dagens Øystesespelarar var fødd!) Cato fekk 3 sesonger og 60 kamper i Øystese etter Brannkarrieren var over og viste seg der som ein meget viktig spelar både på og utanfor banen. Det er derfor svært gledeleg sett med Øysteseauge at 40 år gamle Cato har latt seg overtale til eit comeback. (Han fyller 40 dagen etter fyrste haustkamp mot Tertnes). I fyrste omgang er det snakk om eit comeback i august då det er ein del spelarar på ferie i denne perioden. Men som ein annan gammal helt sa; never say never again

Webredaksjonen har fått eit par ord med Cato

1 – Kvifor gjer du comeback no ?
Fyksegutten fortalte at det var litt ferietynt med folk i august og lurte på om jeg kunne tenke meg å vikariere. Jeg var i godt ungdommelig humør den dagen og ga han lillefingeren, den slapp han aldri

2 – Korleis er formen til Cato Guntveit ?
Han håper han ikke hinker ut med strekk etter 2 min… Har spilt litt fotball pluss løpt noen halvmaraton i år, men ingenting som ligner på tempoet i 3.div. Tipper 100m tiden nå bare er 5 sek hurtigere enn Bjørnar Skjelvans.

3 -Kva har du savna mest frå fotballlivet no når du har hatt pause ei lita stund ?
Har savnet kameraderiet og kampfølelsen, det å gå sammen i krigen.

Øystese ynskjer Cato hjertleg velkommen attende til Øystese! Dersom du har lyst å sjå ein gammal sirkushest i manesjen so kjem du deg på Øystese Stadion onsdag 5 august kl 19.30