Øystese tapte for eit betre lag då dei møtte Brann sine OBOS reserver. Brann dominerte stort i fyrste omgang, men eit kompakt Øysteselag hindra farlege avslutningar. Og på slutten av omgangen er det Øystese som tek leiinga. Sebastian Skåre speler Roar Vestbø fri. Han drar av ein mann og curler den i lengste. Utagbart for Udjus i Brannburet. I pausen er Øystese enig om fortsatt vera like kompakt, vera kynisk og ta vare på overganger. Og er ein heldig og dyktig kan ein kanskje reise heim med alle tre poenga. Dette holder i to minutt. Brann fyker ut av startblokkene etter pause. Før klokka viser 50 minutt har Brann scora 3 kjappe. Midtvegs i omgangen viser Emil Hansson Tippeligaklasse. Han raider 40 meter før han lobben ballen i mål på utsøkt vis frå ca 30 meter. Roar Vestbø tenner eit lite håp då han knuser ballen i krysset på volley. Håpet vert knust like etter då Håkon Lorentzen gjev Brann 5-2.  Null poeng til Øystese i dag. Er Brann like gode framover vert det få lag som får poeng med seg frå Nymark