Øystese tok i kveld mot Fyllingsdalen 2 til kamp om 3 poeng.  Øystese slo Fyllingsdalen 2 borte med 5-1, men det laget ein slo på bortebane var fullstendig erstatta. Av dei 11 som starta dagens kamp for Fyllingsdalen 2 var det ingen! som starta vårens kamp mot Øystese. Kampen starta bra for Øystese og etter eit par halvsjanser er det Sebastian Skåre som gjev heimelaget leiinga. Like innanfor 16 meteren curler han ballen heilt ute i hjørnet. Stang inn og 1-0 til heimelaget. Morten Madsen Skeie kan doble leiinga då Øystese får straffe. Men bortelaget sin keeper Bartosz Deregowski går seirande ut av duellen då han både tek straffen og returen. Victor Carvalho sørger likevel for at det vert 2-0 på ein flott enkeltmannsprestasjon. Ein lang ball tek han med seg og forserer forbi forsvaret før han tupper den forbi keeper.  Ein komfortabel 2-0 leiing til pause.  Men Øystese slepp Fyllingsdalen inn i kampen etter pause. Plutselig er det bortelaget som vinn duellane, tek andreballane og ser ut til å springe meir enn heimelaget. Fyrste varsel er når ei kanon smell i tverrligger og ned på streken. Øystese tek ikkje varselet og Fyllingsdalen reduserer fyrst ein gong før dei utliknar.  Roar Vestbø sender heimelaget foran på ny då han nikker fint inn 3-2 etter innlegg frå sida. Nok ein gong utliknar Fyllingsdalen. Men Vic som har ein god kamp i dag vert felt på veg inn i 16 meteren og Øystese får straffe for andre gong i kampen. Denne gongen er det Anders Næs som skal skyte. Ballen går inn heilt oppe med tverrliggeren. 4-3 til Øystese. Fyllingsdalen prøver å sette eit press på slutten men kampen ebber ut utan dei heilt store sjansane.  Dermed vert alle poenga att i Hardanger og Fyllingsdalen 2 må jobbe hardt videre for å komme ut av nedrykkssumpa