B laget starta haustsesongen med eit surt tap på overtid i Rosendal. Haustsesongens fyrste heimekamp var mot Hausvik. Sjølv om kampen var jevn lenge so avgjorde Øystese på slutten. Hausvik holdt følge til  3-3 men klarte ikkje stå imot på slutten slik at det enda med 6-3 for Øystese. Alle måla vart scora av forskjellige målscorere. Dei som tegna seg på scoringslista var Heine Dalatun, Øyvind Berge, Hans Berge jr, Joao Vitor, Alexander Høvik og Lars Henrik Hellingsrud. Resultatet fører Øystese 2 opp på andreplass i ein jevn avdeling