Juniorlaget starta haustsesongen med heimekamp mot Åsane. Sidan dei fleste 96 modellane er ferdig med videregåande og reist frå Øystese/Kvam for studier var det eit relativt ungt juniorlag som tok imot Åsane.  Kampen starta bra då Hans Berge jr gav Øystese leiinga 1-0 like etter kampen var i gong.  Dei neste 44 minutta vart det ingen mål slik at stillinga var fortsatt 1-0 til pause. Etter pause kom måla som perler på ei snor. Og alle måla vart scora av spelarar som enno ikkje held junioralder (bortsett frå nevnte Hans Berge jr som er andre års junior og scora også eit i andre omgang) Siste års gutespelarane Marius Nernes og Andreas Henriksen Cats scora kvar sitt. Fyrste års gutespelarane Morten Heradstveit Øyri og Mathias Johansen scora kvar sitt og smågutespelar Aleksander Digernes scora 1.  Totalt vart det 7-1 og ein god start på haustsesongen