Øystese gjekk på årets største heimetap då Austevoll kom på besøk i dag. Kampen starta veldig bra då Stian Bakke gav heimelaget leiinga før det var gått fem minutter. Eit flott skot frå ca 20 meter fauk inn over Austevoll sin keeper. Øystese hadde i løpet av kampen fleire store sjanser inkludert to stolpetreff men det vart aldri meir enn det fyrste målet for Øystese. Austevoll derimot satte inn fire. Eit par av dei etter konsentrasjonssvikt i bakre rekker hos Øystese, samtidig var Austevoll sin toppscorar Tord Harald Skår nådeløs og satte ballen i mål når han fekk sjansen.  3 mål på han i dag og fortjent bortesiger 4-1 til Austevoll