G16 laget til Øystese avanserte til topps på tabellen etter å ha banka Sandviken sitt guttelag 6-1 på laurdag. Trenar Sebastian Vangen kjem med denne rapporten:
Kampen starta bra for Øystese sin del, og midtstoppar Sindre Gjøsæter opna skåringskontoen då han lika greit bestemte seg for å banka ballen i mål frå midtbanen. Øystese klarte ikkje heilt å få til så mykje spel som dei ønska, men hadde grei kontroll defensivt og var dødelig effektive når dei kom opp i angrep. Eit par gode kombinasjonar i Øystese angrepet sørga for at Marius Nernes satte inn 2-0 etter bra forarbeid av fleire Øystese spelara. Marius var på farten igjen like etterpå då han blei spelt gjennom og satte inn 3-0 med ein kald avslutning åleina med keeper. (Marius forøvrig med 3 kamper på 2 dager; g16 og A kamp på lørdagen og B kamp på søndagen, godt det ikkje var juniorkamp også i helga:-)
Sandviken reduserte ikkje lenge etterpå, mens Morten Øyri og Aleksander Digernes sørga for at Øystese kunne gå til pause med 5-1 og bra kontroll før 2. omgang.
Øystese hadde fulltallig tropp med 18 mann i troppen, og ein del endringar utover i 2. omgang gjorde at rytmen i spelet forsvant litt utover i kampen. Øystese hadde alikevel bra kontroll på oppgjeret, og Mathias Johansen fastsatte sluttresultatet til 6-1 like før slutt då han la ut på et herlig dribleraid i kjent Mathias stil.
Øystese vinner 6-1 på ein middels god dag og leder fortsatt serien etter 4 kampar. Tabellen finn du her

http://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Tabell/?tournamentId=146682