Gutter 14 vann i vår 2 divisjon og spelar i haust i 1 divisjon med tøff motstand. Dette har likevel ikkje hindra gutane i å kjempe i toppen. I kveld var Loddefjord motstander. Loddefjord pressa heile 1.omg og leda fortent 1-0 til pause. Loddefjord fortsatte presset i andre omgang men Øystese kom meir inn i kampen utover. 5 minutt før slutt vinn Aleksander Digernes ein hodeduell på 16 m og stusser ballen til Adrian Solås som banker ballen i mål. So i siste minutt stanger Jonas Cats Henriksen inn ein corner. Dermed tre nye poeng til guttane i blått.

Gutter 14 ligg eit poeng bak Brann på andre plass i 1 divisjon. Heile tabellen finn du her

https://www.fotball.no/fotballdata/Turnering/Tabell/?tournamentId=146909