Jenter 16 var i helga i Haugesund på Regy Cup. Etter ein siger, ein uavgjort og eit tap i innledende runder so havna Øystese i B sluttspelet. Dei to laga som havna foran Øystese i pulja møttes i A sluttspelfinalen. I B sluttspelet gjorde jentene det svært bra. Med 4-0 over Trott i kvartfinalen og 2-0 over Bremnes i semifinalen var jentene klare for finale. Mathopen var motstander i finalen. Ein jevn kamp enda med 1-0 siger til Øystese. Jentene og trenar Arild Hammer kan derfor fylle trofeskapet til Øystese med ein ny pokal. Arild Hammer har gjort ein god jobb med jentene og Dei spelar flott angrepsfotball innimellom. Jentene oppførte seg som vanleg eksemplarisk under heile turen. Alle spelarane vart inkludert og stemninga var god heile helga. På veg heimatt var det allsong heile vegen, Haugesund-Øystese:)