Øystese sitt G16 lag avslutta serien med stil då dei slo Bjarg 3 med sifrene 11-3 i siste og avgjerande heimekamp for sesongen. Øystese starta med høgt og aggressivt press og tok iniativ frå start av. Det varte ikkje lenge før Mathias Johansen satte inn dagens første mål då han var iskald åleina med keeper og plasserte ballen nede i høgre hjørne. Like etterpå begynte målene å renne inn og mange gode angrep og kombinasjonar sørga for 7-0 til pause. Øystese hadde ingen planar om å legge seg bakpå og omtrent 7 sekunder ut i 2. omgang dribler Mathias seg gjennom heile Bjarg forsvaret og klinker ballen i stolpe inn med venstrefot frå skrå vinkel. Kampen ender til slutt 11-3 og Øystese kan feira seriemesterskapet etter å ha gått ubeseira gjennom sesongen. No ventar kampar mot andre avdelingsvinnarar i neste omgang. Målskårarar for Øystese: Mathias Johansen (5), Marius Nernes (3), Alexander Digernes, Joas Vare Vik og Magnus Skjelvan.

Øystese Fotball gratulerer guttelaget og trenar Sebastian Vangen med seriemesterskapet!