Laga som Øystese skal møte i 2016 er  Bjarg, Arna Bjørnar, Lyngbø, Os, Varegg, Tertnes, Gneist, Nest Sotra 2, Brann 2, Sotra, Austevoll, Vestsiden-Askøy og Åsane 2.  I alfabetisk rekkefølge kjem her ein analyse av dei forskjellige laga. Sidan mykje kan endre seg i silly season kjem ein tilbake med ein ny analyse like før seriestart

ARNA/BJØRNAR: Starta sesongen katastrofalt og var lenge på nedrykksplass. Men fekk inn ein del bra spelere i sommerpausen og havna til slutt over streken med god margin. Speler på ein av divisjonens beste baner på Arna idrettspark. Tapte ein del kamper knepent, bla anna mot Øystese der Arna/Bjørnar førte kampen men tapte litt ufortjent 2-1. Gode spelarar i Simen Sletten (tidlegare Åsane/Fyllingsdalen, Alexander Orvedal (tidlegare Åsane/Brann), Kevin Janz (tidlegare Stord) er nøkkelspelarar i eit bra Arna/Bjørnar som kanskje fekk litt dårleg betalt i 2015. Hadde landslagsspelar Peter Eikeland på lån frå Fana i haustsesongen men får sannsynlegvis ikkje benytte den gode målvakten i 2016

AUSTEVOLL: Havna midt på tabellen i 2015. Tord Harald Skår som kom frå Stord før sesongen leverte virkeleg varene foran mål og scora heile 31 mål. Meir enn 1 mål i snitt pr kamp. Det er meir enn resten av laget til saman og meget bra for eit lag midt på tabellen.  Fekk og gode Joachim Bjånesøy tilbake frå Brann og målfarlege Kristoffer Østervold tilbake frå Os etter sommeren. Viktig for Austevoll å behalde desse spelarane for å gjere det like bra i 2016. Trond Heggestad  gjorde som vanleg comeback og blei den som scora nest mest mål i havgapet i 2015. Spørs om han vil bidra i 2016. Alexsander Dale solid spelar i forsvar som gjer arbeidsvilkåra for motstanderlaga sine spisser vanskleg. Litauiske Sarunas Kazlauskas god i buret men usikkert om han vert med i 2016.

BJARG: Torbjørn Birkelund leda Bjarg til fornya kontrakt i 2015. På topp leverte bror av Øystesespelar Johan Thorbjørnsen;  Didrik Thorbjørnsen varene med tosifra antal mål. Ein høgdramatiske kamp mot Øystese enda med 2-1 siger etter to mål på overtid i haust. Sannsynlegvis vert det ny brorduell i 2016 og då satser Øystese på å revansjere overtidstapet. Bjarg har allereie forsterka laget med 3 nye spelarar og henta inn Sondre Skutle frå Voss sant Stein Mikkelsen og Johan Vatne frå Loddefjord. Bjarg har og resignert dei fleste spelarane frå 2015 sesongen og virker i rute foran 2016 sesongen

BRANN 2: Utviklingsavdelinga i Brann har eit budsjett som er ein ca 10 gonger større enn Øystese samt dei har tilgang til proffesjonelle spelarar frå fyrste laget sitt. Men stilte i 2015 ofte med reint juniorlag. Det var ofte bra nok og Brann 2 havna til slutt på ein fjerde plass på tabellen. Men er nok avhengig av meir hjelp frå A lagsspelarane om dei vil kjempe om opprykk. Dei fleste laga mobiliserer litt ekstra når det er Brann som står på motsatt banehalvdel. Men med meget gode juniorer og bidrag frå Alags reservane kan dei vera ein outsider i kampen om opprykk

GNEIST: Solid og overbevisane opprykk frå 4 divisjon i 2015 for Kenneth Osvaags disipler. Men tidlegare år har vist at nivåforskjellen mellom 4 og 3 divisjon har vore stor slik at nyopprykka lag ofte har gått ned igjen året etter.  Gneist er derfor avhengig av å behalde sine stjernespelarar som Vehid Kocani (tidlegare Fana) på kanten og Petter Wergeland på topp. Som Norges største breddeklubb har Gneist rikleg med tilgang på spelarar men har ofte mistet sine beste til naboklubbane. Men får i 2016 blant anna gleden av lokaloppgjer mot Bjarg

LYNGBØ: Er eit lag som kan slå dei beste men også tape for dei dårlegaste laga. Lyngbø var forøvrig einaste laget som Øystese ikkje klarte å score på i 2015, noko som tyder på eit godt forsvar. Bortsett frå dei to topplaga var Lyngbø laget som slapp inn færrast mål.  Tidlegare Øystese Gymnas elev Sondre Riise Sævartveit sørger med kompromisslaust forsvarsspel for å tette igjen bakerst hos Lyngbø. Fleire av spelarane på Lyngbø er og viktige bidragsytere på Hordalands einaste futsallag i eliteserien (Krohnsminde)

NEST SOTRA 2: Nest Sotra 2 var det siste laget som vart klar for 3 divisjon i 2014 men klarte som opprykksfavoritten å halde seg i 3 divisjon. Riktignok på plassen over nedrykk men likevel fornya kontrakt. Med nedrykk for A laget til 2 divisjon og færre spelarar i A troppen kan nok andresesongen verta ein kamp mot veggen for Nest Sotra 2. Ynskjer nok å mobilisere i kampen mot erkerival Sotra men må nok ha som målsetning å berge plassen i 2016.

OS: Er nok glad for å bytte ut Rogalandspulja med Hordalandspulja i 2016. Starta katastrofalt i 2015 og låg på nedrykksplass til sommeren. Opprykksambisjonane før sesongstart vart nedjustert til ein kamp for overlevelse. Gjorde viktige grep i sommer og henta inn Rafael Villen frå Spania, Tiago Ribeiro frå Portugal og Andrew Todd frå USA. Også viktig at dei fekk Stian Lunde til å gjera comeback samt at Hassan El Fakiri gjekk frå trenar til spelande trenar. På hausten var det få som tok fleire poeng enn Os og pr no er Os ein utfordrar bak storfavoritt Sotra. To tidlegare Øystesespelarar i Marius Mikkelsen og Strandebarms store son Endre Brenne er viktige spelarar i eit ungt Os lag. Viktige Stian Lunde har ikkje bestemt seg for om han tar ein ny sesong men med kortare reiseavstander i 2016 er det store sjanser for at ein av Os sine beste spelarar tek ein ny sesong

SOTRA: Satsa knallhardt både i 2014 og 2015 og begge åra måtte dei ta til takke med den sure 2 plassen. Sotra har henta tosifra solide spelarar i 2014/2015 og også starta å forsterke foran 2016 med å hente gode Anders Næs frå Øystese og Øyvind Braathen frå Bryne. Storscorar Dang som Sotra henta i fjor scora heile 41 mål i 2015. Ingen andre scora meir i landets nærmare 170 tredjedivisjonslag. Er etterspurt av mange lag men med proffkontrakt i Sotra vert Dang nok verande for å skyte Sotra opp i 2016. Tidlegare Branntrenar Espen Steffensen er den som skal prøve å lose stjernegalleriet til Sotra opp i 2 divisjon og klarer nok det på tredje forsøket. Øystese var einaste laget som klarte å slå Sotra i 2015 og eit Øystesetap i 2014 var også utslagsgivande for tapet av opprykksplassen.

TERTNES: Ein tung sesong i 2015 med få spelarar og kamp mot nedrykk enda lykkeleg då Tertnes klarte å sikre plassen på slutten av sesongen blant anna takka vera gode bidrag frå superinnbytter Thomas Flesland. Tidlegare Øystesespelar Daniel Hatland kom inn som krumtapp i forsvaret etter sommeren men vart skada på slutten av sesongen. Forøvrig mange skader på Tertneslaget i løpet av sesongen. Hurtige Anders Hjeltnes vart henta frå Fjøra for å score mål for Tertnes men rakk knapt å trene før han vart skada

VAREGG: Varegg hadde ein god sesong i 2015 og tok 3 plassen i avdelinga. Mange gode spelarar er samla i Varegg og Torbjørn Aabrekk som kom frå Nordfjordeid har virkeleg slått til i Varegg. Kun ustopplege Dang i Sotra havna foran Aabrekk på toppscorarlista. Varegg har derfor signert proffkontrakt med Aabrekk for å halde på sin spissjuvel. Aabrekk scora heile 5 mål mot Øystese i 5-0 sigeren på heimebane. Varegg med sine gode spelarstall kan vera ein liten utfordrar til toppplasseringa i avdelinga om dei kjem i flytsonen frå start. Hiep Tran som tok over eit lag på nedrykksplass i 2014 har vist seg som ein suksess for Varegg. Etter ein forrykande haust dei dei redda plassen i 3 divisjon i 2014 fortsatte dei i 2015 med å ta ein sterk 3 plass. Fortset framgangen i 2016 ?

VESTSIDEN-ASKØY: Vart som siste lag klart for 3 divisjon i 2016 etter å ha slått Frøya i kvalikkamp mellom toerlaga i dei to 4 divisjonsavdelingane. Har eit erfarent lag med mykje kvalitet. Tidlegare Øystesespelar Matias Møvik kom inn etter sommeren og bidrog til opprykket. Med Matias på plass i lag med gode spelarar som John Jonasdal, Torbjørn Kjerrgård og Jonas Ravnanger er fundamentet på plass for å klare seg i 3 divisjon og som beste Askøylag for tida klarer dei kanskje å få over nokon av dei beste spelarane i andre Askøyklubber.  

ØYSTESE: Havna midt på tabellen i årets sesong. Har havna midt på tabellen i 3 divisjon dei 6 siste åra etter (nr 5 i 2010, nr 6 i 2011, nr 5 i 2012, nr 4 i 2013 , nr 7 i 2014 og nr 5 i 2015) Hadde ein veldig bra start men tok veldig lite poeng på hausten. Slo topplaget Sotra men rota vekk for mange poeng mot laga rundt seg og under seg. 3 gutt16 spelarar har fått speletid i 3 divisjon i 2015 men har mista gode Anders Næs til Sotra. Samtidig forsvann Matias Møvik (til Vestsiden) Bjørn Kristian Vines (skule) Philipp Eibakk (Langhus) og Kjetil Dørum Lie (Odd) etter sommaren slik at ein er nok avhengig av å få inn eit par nye spelarar før sesongstart i 2016.

ÅSANE 2: Klar siger i den kanskje tøffaste 4 divisjonsavdelinga i 2015. Er som andre toerlag avhengig av bidrag frå 1 laget dersom ein skal få ein god sesong. Og mange av Åsane sine Alagsspelarar var på banen for Åsane 2 i 2015. Heile 22 forskjellige spelarar kom på scoringslista for laget. Ein bredde ingen av dei andre laga kunne vise til. Kan Åsane 2 få tilsvarande hjelp frå Åsane sitt fyrstelag også i 2016 er det ein god sjanse for å overleve som nyopprykka lag.

Oppsummert so er det pr no ein storfavoritt til å vinne denne 3 divisjonsavdelinga. Mykje må gå galt om Sotra ikkje ender som avdelingsvinnar. Tøffaste utfordrarar på papiret er pr no Os, Brann 2 og Varegg. Noko kan imidlertid endre seg i vinter. I silly season er det nok ein del spelarar som skifter klubb men skal nokon ha sjanse mot Sotra må dei hente inn veldig mange og veldig gode spelarar. Men Øystese Fotball kjem med ein oppdatert analyse av laga eit par dager før seriestart 2015!