Påmelding til fritidsordningen til hausten åpna for ei stund sidan og interessa er stor.
Foreløpig har nesten 20 nye idrettsglade ungar meldt seg på til oppstarten i august.
Dette gjer til at ein no nesten har 80 ulike barn innom fritidsordningen i løpet av ei veke.
Me er veldig stolte over den positive utviklinga og ønske endå fleire hjerteleg velkommen til å bli med oss.

Her finn du meir info om Idrettsfritidsordning (IFO) og fotballfritidsordning (FFO)
Øystese Fotball har to fritidsordninger lokalisert i Holmatun/Fotballbanen/Idrettshallen som ca 60 unger benytter seg av i dag!

IFO eller Idrettsfritidsordning er for born frå 1-7 klasse.  Dei minste borna vert henta på Øystese barneskule. Ved ankomst Holmatun får dei eit sunt måltid. Etter mat er det leksetid før ein går over til aktiviteter. Borna vert eksponert for mange og varierte aktiviteter. Døme på aktiviteter er; hinderløyper, fotball, håndball, basketball, bryting, koordinasjonstrening, styrketrening, turar i skog og mark, innebandy, friidrett m.m  Dersom barnet ditt vil ha nokon aktive timer etter skuletider IFO eit godt alternativ

FFO eller Fotballfritidsordning er for born frå 4-7 klasse. Øystese sin FFO er ein del av Telenor Xtra som innebærer at ein er ein del av eit kvalitetssikra opplegg frå fotballforbundet. Ungane som går her får spesialisert fotballtrening av utdanna trenarar. Dersom barnet ditt er ekstra interessert i fotball er FFO eit godt alternativ. Ungane som går på FFO får og treningstøy samt delta på FFO cuper

Hovedansvarleg for begge fritidsordningane er Erling Fykse. Ynskjer du å melde på ditt barn eller treng meir info kontakter du han på erlfyks@hotmail.com eller 97547047