Jenter 13 spelar i år 9er fotball. I Øystese er det kun 9 jenter i 7 klasse men heldigvis er 100% av jentene i klassen med på fotball og med litt hjelp av eit par yngre jenter klarer ein å stille slagkraftig lag. Jenter 13 møtte i dag Odda til toppoppgjer på bortebane. Begge laga vann sin fyrste kamp. Øystese slo Nordhordaland Ballklubb med 5-0 i fyrste kamp medan Odda slo Stanghelle med 5-1.  Ved avreise Øystese var det kraftig snøvær men når ein ankom Odda kom sola fram. Øystese starta kampen best og hadde fleire gode muligheter men det var Odda som tok leiinga 1-0. Øystese utlikna då Kamilla Vik Linga fekk stjernetreff rett utenfor egen 16 meter. Ballen fauk inn over keeper frå ca 60 meter. Rett før pause fekk Odda tildelt straffe. Silje Stryker Vassnes gjer ein kjemperedning og sørger for at det er uavgjort til pause. Etter pause vert det stillingskrig og det er store sjanser til begge lag. Rett før slutt avgjer Andrea Håland kampen. Etter fleire neste skudd sitt den endeleg i nota. 2-1 og 3 poeng heim til Øystese. Dermed er jentene frå Øystese på toppen av tabellen.