Erling Fykse forlet Øystese til hausten for å starte i jobb hos NBK (Nordhordaland Ballklubb).  Erling si Øystese historie starta for 7 år sidan då han byrja som keeper på Øystese sitt A lag.  Samtidig starta han og som keeper på Øystese sitt futsallag. I 2014 starta Erling som sportssjef i Øystese samstundes som han tok over som trenar for A laget.  I 2015 hadde Erling trenaransvaret for B laget til Øystese og i år har han trenaransvaret for G14.  Heile tida har han vore hovudansvarleg for IFO og FFO. Både som sportssjef, trenar og IFO/FFO ansvarleg har Erling gjort ein god jobb for Øystese.  Men til hausten skal Erling fortsetja si karriere i fotballverden hos NBK.  Webredaksjonen har fått eit lite intervju med Erling i samband med nyheten om hans overgang til hausten
1 – Kvifor forlet du Øystese til hausten ?
For kort tid sidan fekk eg eit jobbtilbod frå NBK. Etter gode vurderingar har eg tatt valget om å takka ja til den nye utfordringa
2 – Kva er ditt beste minne i Øystese ?
Det er mange gode minner frå tida i Øystese. Alle menneska, lokalbefolkningen, trenarane, lagleiarane, spelarane, dei frivillege osv. Så det å bli kjent med nye mennesker og utvikla klubben er eit veldig sterkt minne. Reint sportsleg er eg veldig stolt over måten me på A-laget endra ein utfordrande start til ein sesong som me kunne vera stolte av i 2014. Der vart det lagt ned mange timar med hard jobbing, og utvikling og forbedring smakar alltid best når ein har lagt ned eit godt arbeid. Det er fantastisk å sjå utviklingen til årets G14 lag som eg har gleden av å jobba med. I tillegg vil eg nevna den positive utviklingen i barne og ungdomsfotballen, talentarbeidet og den flotte framgangen til fotball og idrettfritidsordningen som andre høgdepunkt
3 – Kva er ditt verste minne i Øystese ?
Det må bli bortekampen mot Årdal i NM-kvalifiseringen i 2014. Det er det tyngste tapet eg har hatt som trenar. Det låg mykje i potten, me hadde føringen og endte opp med tap og nyttig lærdom
4 – Kva vil du savne no når du forlet Øystese ?
Alle timane på bana med barn, ungdom og voksne. Alle fotballpratane med trenarar, lagleiarar, foreldre og andre frivillege. Det å sjå utviklingen til enkeltspelarar, lag og organisasjonen
5 – Kva vil du ikkje savne ?
Det å måtta springa ned på bana for å slukka lyset på bana litt før midnatt midt på vinteren.
6 – Noko anna du vil formidle ?
Det har vore ei kjekk, lærerik og utviklande tid i Øystese. Vil takka alle som har vore i styret i Øystese i mi tid i klubben for samarbeidet. Det at eg har fått mulegheiten til vera med på å forma jobben eg har hatt har bidrege til auka eigarskap i forhold til min eigen jobbkvardag. I tillegg vil eg takka Roger Vassnes for å ha satsa på og anbefalt meg Det at eg valgte å flytta til Hardanger har vist seg som eit veldig godt valg og eg har hatt to og eit halvt år med fotballmoro.

Øystese Fotball takkar Erling for innsatsen og ynskjer han lykke til i ny jobb til hausten.