J19 Øystese greidde akkurat å mobilisere 11 spelarar til bortekampen mot Fyllingen/Søreide, som etter flytting, hamna midt i eksamenstida. Øystese (Silje Hestad Valland) briljerte og sette inn det første målet i kampen etter kort tid. Øystese pressa Fyllingen/Søreide innover på deira banehalvdel i om lag 20 minutt som enda i nok ein scoring, men vart offside-annullert. Øystese hadde fleire gode sjansar med diverse skot på mål, mellom anna eit kanon Nora Mo-Bjørkelund frispark som susa rett i tverrliggjaren. Kampen snudde utover mot slutten av første omgang og Fyllingen/Søreide stakk gjennom med sine lynraske spissar og det sto 1-1 til pause. Då hadde Fyllingen fått utelling på 1 av sine 2 reelle sjansar den omgangen. På trenarbenken «talte» vi 7 Øystesesjanser i første omgang.

Etter nokre kryss og strekar på flipoveren i garderoben frå coach Joao Vitor, så greidde Øystesedamene å snu kampen igjen i 2. omgang. I lange periodar held Øystese seg på Fyllingen/Søreide sin banehalvdel og kjempa vidare med stadig gode angrep frå spiss Silje Hestad Valland– fortsatt utan utteljing. Det var Fyllingen/Søreide som fekk til nok ei kontring og stakk gjennom då Øystese i ein periode låg høgt. Men etter 2-1 mobiliserte Øystese og satsa systematisk på sitt gode innøvde passningsspel og fekk uttelling ved Isa Lillevik. På 2-2 stod kampen og vippa og Øystese sine jenter viste seg fram frå si beste side. Men ikkje kul om ballen vil inn mellom stengene. 2. omgang fekk også sine store sjansar med ein venstrefotsusar frå Solveig Midthus rett i tverrliggjaren. Coach Vitor senka skuldrene då han såg den høge arbeidsmoralen og umåteleg god drill på midtbanen. Trenarbenken slo seg trygt til ro med uavgjort, men jentene hadde bestemt seg – i  det 82. minuttet sat 3. målet (Isa Lillevik)! Dei siste 8 minuttane kjempa båe laga som løver, men Øystese greidde, trass skyhøg puls både på spelarane og på trenarbenken, å sikre 2-3 sigeren og framleis 2.plass på tabellen. Tabellen finn du på vedlagte link

https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=149871

Øystese møter Åsane til toppoppgjer neste søndag 29 mai kl 18.00 på heimebane