Øystese 2 møtte i dag Kringlebotn på bortebane. Eit fysisk sterkt Kringlebotn tok initiativet mot eit ungt Øystese 2. Ein god Mathias Berge i Øystesemålet hadde fleire kvalifiserte redningar og holdt Øystese inne i kampen i fyrste omgang. Kringlebotn tek likevel leiinga i kampen på ein dødball. Marcelo Ribeiro som sona for 3 gule på A laget på lørdag var med og bidrog på B laget i dag. På A laget har Marcelo scora 1 gong på 4 år men i dag scora han 2 stk på ein omgang. Begge før pause og begge frå ca 16 meter og begge endrer retning etter å ha vore innom ein motstander. 2-1 til Øystese 2 til pause. Etter pause spelar Øystese fin fotball og tar meir over kampen.  Øystese kan punktere kampen men forsøka ender to ganger i tverrliggeren. I tillegg setter Øyvind Aarhus ballen rett på keeper frå 2 meters hald. I stadenfor er det Kringlebotn som utliknar. Øystese fortsetter å spele flott fotball og avgjer kampen på eit mønstermål. Ein nydleg igangsetting frå Mathias Berge via Marcelo til Marius Nernes som parkerer backen og legger 45 grader ut til Aleksander Digernes som scorer.  15 år gamle Aleksander debuterer forøvrig på seniornivå i dagens kamp i lag med Håvard Stranden som også spelar seniorfotball for fyrste gong i sitt unge liv.  Dette målet vert avgjerande. 3-2 og alle poenga med heim til Hardanger