Alt er klart for Øystese Cup til helga.  Langt over 1000 fotballspelarar skal spela fleire hundre kamper i sentrum av Øystese i helga. 600 av desse fotballspelarane skal overnatte i Øystese. Nokon frå fredag til søndag, andre frå lørdag til søndag. Det er 8 baner som vert benytta samt at ein også utvider cupen med ein kamp i Jondal for Søreide som overnatter der.  Det er 1 bane i Busdalen, 1 bane på barneskulen , 2 baner i hotelhagen og 4 baner på kunstgrasbanen. Kapasiteten er heilt sprengt og det vil vera kamper omtrent kontinuerleg frå fredag 18.00 til søndag 16.00.  Alle desse fotballspelarane vil nok skape litt trafikale utfordringer i sentrum so Øystese Fotball oppfordrar alle lokale som kan til å gå/ta sykkel til sentrum på lørdag.
Det vil vera kiosk, kafe og grill i sving heile helga ved kunstgrasbanen der du kan få kjøpte deg alt frå fiskeburger til Hardangers beste vafler

Du er iallefall over snittet velkommen til å få med deg masse fotballglede i Øystese Sentrum i helga