Gneist som har hatt ein flott opning i årets serie var gjestar i Øystese på laurdag.  Kraftig regn gjorde at publikumstallet ikkje var slik det burde vera under Øystese Cup.  Dei få som såg kampen fekk sjå at Gneist tok initiativet i starten. Gneist tok leiinga 1-0 før dei dobla til 2-0.  Men Øystese gav ikkje opp og to scoringer av Victor Carvalho før pause gjorde at laga var like langt. Etter pause bølga spelet fram og tilbake.  Begge lag hadde sjanser til å ta leiinga men det var Øystese som gjorde det.  Øystese får tildelt straffespark etter at Victor blir felt inne i straffefeltet. Øyvind Berge tek straffen og sjølv om keeper er etter den går den inn.  3-2 til Øystese i ein periode Øystese er gode. Roar Vestbø setter inn nok ein heimescoring då han kjem fri på kanten og dunker inn 4-2.  3 poeng og mykje bra spel i ein kamp der 15 år gamle Eirik Tjøstheim debuterer for A laget til Øystese