«Toppoppgjer» i Øystese søndag – og nok ein velfortent siger. Men det skulle ta 51 minutt før Øystese (Isa Lillevik) sette ballen rett i mål. Det var ein fantastisk fin kveld i Øystese og bra med publikum som ser at damefotballen er i vinden for tida. Endeleg har Øystese nådd toppen av tabellen, men det gjenstår tøffe tak. Neste kamp (tysdag 7. juni kl. 20.00) er mot Norhordland borte i Knarvik og motstandarlaget der er på veg mot tabelltoppen i rekordfart, så obs obs! Siste kamp vert heime mot Lindås søndag 12. juni kl. 14.00. Stor spaning knyter det seg også til siste toppoppgjeret mellom Norhordland og Åsane den 21. juni. Utfallet her vil nok vera avgjerande for Øystese sitt framifrå junior jentelag.

Kampen i går kveld opna svært bra med mange fine sjansar for Øystese, der det meste foregjekk på Åsane sin banehalvdel, etter kvart kom Åsane meir med i kampen. Men i går var Øystese opplagt eit betre lag. Øystesejentene spelte fotball slik trenar Vitor føreskriv, så kort oppsummert vart det ein kamp for læreboka.

Åsane kom sterkare mot slutten og vår suverent offensive og trygge målvakt Silje Sørvik skal stor ære for resultatet i gårsdagens kamp. Åsane hadde mange sjansar – ikkje ulikt våre tidleg i kampen, men Åsane lukkas ikkje mot Silje Sørvik sitt mot. Den elles so solide stammen i laget supplert med kjappe, unge, lovande spelarar; så som i gårsdagenss kamp; Lena, Malin, Andrea, Eli og Tora, – ein uslåeleg miks!

Trass i mange sjansar slit Øystese med å prikka ballen inn og når det er så tett i toppen på tabellen, så vil målskilnaden skilja laga, noko vi kan bli straffa for ved poenglikskap til slutt – det var situasjonen i fjor, der Øystese vart snytt for 2. plassen (lik poengsum, lik målskilnad, men eitt mål mindre skåra).  Alt i alt var kampen i går – ikkje av dei mest spennande vi har sett i vårens serie – men desto viktigare. Det er umåteleg betryggande å sjå at Øystesejentene er best når det gjeld. Fortsett med det, takk for innsatsen og lukke til vidare i serien!!!

Tabellen ser slik ut

https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=149871