Bortekamp mot eit Brann-lag i superform

Brann 2 og Øystese spela laurdag på Nymark kunstgras, eit steinkast frå Brann stadion. Øystese starta kampen best og tok leiinga 1-0 på straffe etter sju minutt ved Victor Carvalho. Fyrste omgang var tøff og tett, men Øystese kunne gå i garderoben til halvtid med 1-0 leiing.
Etter kvilen var det eit heiltent Brannlag som kom på banen att, og dei utlikna etter ein corner eit par minutt ut i 2.omgangen. Etter dette hadde Brann ein god periode, og auka både til 2-1 og 3-1. Det er store sjansar begge vegar, og uti omgangen set Victor Carvalho inn sitt andre mål for dagen. Også dette på straffe.

Medan fleire Øystesespelarar vil ha hjørnespark, kontrar Brann inn 4-2  ved Even Vetås. Fem minutt før slutt reduserer Øyvind Berge til 4-3, etter dette pressar Øystese på for utlikning. Me lukkast ikkje med å scora det fjerde målet, slik at Brann 2 dermed vinn 4-3.  Dette er Brann 2 sin tiende strake siger for året.

Aktivitetslaurdag avslutta på Nymark kunstgras
Fotball- og idrettsfritidsordninga har hatt aktivitetslaurdag og starta dagen kl 10 med mini-EM på kunstgrasbanen i Øystese.  For dei som ynskte bar det vidare til Bergen og Brann 2 – Øystese, det var ein ivrig supportergjeng som reiste bortover. Dei fekk mellom anna koma i garderobane på Brann stadion, samt gå innmarsj på kampen med spelarane.

Stemninga var høg når Øystese tok leiinga!!

Bilete frå turen til Bergen (trykk på eit bilete for store bilete)

 

Nettartiklar om kampen

Brann.no si sak om kampen:
http://www.brann.no/news/article/semr9d4njwtq1stixezj23i2n/title/ti-strake-seirer-for-brann-2

Kampfakta:
https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=6389916