Etter ein litt trøblete start er Blaget komen i siget. Søndag var det Odda 2 som var motstander for Øystese 2.  Kampen var knapt starta før Bjørn Kristian Vines gav Øystese leiinga 1-0. Etter 10 minutt dobla Øystese leiinga.  Erlend Lilletveit Kvåle førte fint opp på venstrekanten. Kom seg ned til dødlinja og la ut 45 grader der Joao Pereira kunne styre ballen i mål. Eit fint angrep. Varmt vær førte til labert tempo i kampen men Øystese var hakket betre enn Odda i dei fleste situasjoner. Varmen/God keeper/Dårlege avslutninger gjorde at det stod 2-0 til det var spelt 90 minutter. I det 91 minutt satte Magnus Skjelvan inn 3-0 og sørga for ein komfortabel siger til Øystese 2 på heimebane