Etter tre poeng mot Åsane 2 var det eit optimistisk Øystese lag som tok turen til Ågotnes og kamp mot Nest Sotra 2.  Optimismen blei raskt knekt av eit for dagen sterkt Nest Sotra 2.  Raske Kittiphong Pluemjai som ordna poeng for fyrstelaget til Nest på lørdag sørga for to kjappe mål i fyrste omgang søndag.  Sjølv om Øyvind Berge ordna eit reduseringsmål vart det tre til for Nest slik at sluttresultatet vart 5-1 til heimelaget