For fire år sidan kontakta Øystese Gymnas Øystese Fotball då det var starta ein portugiser som volontør (1 årig frivilligprogram i EU der ein er utplassert på skuler) der oppe. I fylgje gymnaset hadde han sparka ein ball før. Dermed var vegen kort inn i A laget til Øystese. Marcelos fyrste kamp var ein seig bortekamp mot Nordfjordeid der han måtte tilbringe 10 timer i bil og 90 minutter på benken. Deretter peika pilen kun ein veg og Marcelo har dei siste to sesongane vore kaptein for Øystese. Marcelo har og henta eit par kompiser frå Portugal til Øystese som også har bidratt sterkt i Øystese Fotball.  Marcelo har også funnet kjærleiken i Øystese. Han og kjæresten flytter no til Oslo. Webredaksjonen har fått nokon ord med Marcelo på veg austover

1 – Kvifor forlet du Øystese no ?  Dette vart bestemt på slutten av fjoråret. Eg trengte meir utfordringer i livet mitt og fant ut at dette ville vera eit bra tidspunkt å flytte på.  Me overtek leilighet i Oslo 1 august. Avhengig om eg finn jobb i Oslo kan det vera at eg er litt i Øystese i august

2 – Kva er ditt beste minne i Øystese drakt ? Eg har ikkje noko spesifikt beste minne men eg kan sei at eg har hatt fantastiske opplevelsar med alle mine lagkamerater dei siste 4 sesongane. Sterke sigrer, harde treninger, treningsleirer i Tunisia, Sogndal, Portugal, første gongen eg vart vald til kaptein for laget, spelt med fantastiske spelarar og individ. Eg vil ta vare på alle desse gode minna

3 – Vil me sjå deg i Øystese drakt igjen ?  Me veit aldri kva som skjer i framtida so eg kan kun sei at om det skjer so vil eg gjera det med eit stort smil

4- Kva vil du savna mest når du er i Oslo ?  Folkene frå Øystese og kor avslappande denne plassen er

5 – Nokon ord du vil sei på veg østover ?  Eg vil takka alle som har tatt del i opplevelsane mine her i Øystese. Det er mange som bidrar her og det er godt å sjå at mange engasjerer seg for å lage til ting. For meg er det ein viktig ting. Eg vil takke Øystese Fotball for at eg har følt meg som heime. Eg vil avslutte med eit stort LYKKE TIL i åra som kjem. Det er masse talent i Øystese, det trengst bare å jobbes masse so kan fantastiske ting skje. Beste ynskjer frå ex captain Marcelo

 

Øystese Fotball ynskjer Marcelo lykke til i Oslo og velkommen attende ved seinare anledning