Øystese sitt gutter 16 lag er klar for A sluttspelet i Norway Cup. Etter siger i fyrste kamp (referat lengre nede i artikkel) enda andre kampen uavgjort. 0-0 i kamp mot Trondheimsklubben Byneset. Siste kampen var mot somaliske Waryaa FC. Fyrste gongen i historien Øystese møtte somalisk motstand. Waryaa er meir å rekne som eit kretslag og var hakket bedre enn Øystese. Kampen enda 3-0 til guttane frå Somalia. Med 1 tap, 1 uavgjort og 1 siger enda Øystese på 2 plass i si pulje og er videre til A sluttspelet. I fyrste cuprunde møter dei fylkeskollega Os som vann si pulje
Os vart for sterke i fyrste cuprunde slik at Øystese er no ute av Norway Cup. Dei vender heim omtrent like fornøgd som når dei kom

 

Øystese sitt gutter 16 lag starta i dag Norway Cup med siger.  Øystese møtte Åheim/Vankam frå Sunnmøre i fyrste kamp. Frå trenar Sebastian Vangen har me fått fylgjande rapport:

Øystese – Åheim IL/Vankam/ÅVK

 

Øystese G16 stilte med følgande lag i dagens kamp:

 

Lars Mundheim Oma

Daniel Onarheim

Martin Fasteland

Andreas Straumstein

Tor Børve Rasmussen

Valdemar Børresen

Morten Øyri

Mathias Johansen

Joakim Lillevik

Adrian Solås

Øystein Lammedal

 

Benk:

Herman Nordmark

Tor Erling Solberg

Eivind Solheim

 

Øystese stilte i dagens kamp i ein 4-4-1-1 formasjon. Strålande sol, ei flott grasmatte og fleire tilreisande supportara i heiagjengen gjorde at alle forholdene låg til rette for ein flott kamp.

 

Kampen opna friskt i høgt tempo, med Øystese som iniativtakar allerede frå første spark på ballen. Høgt press og raske gjenvinningar gjorde at Øystese kom igjennom til fleire store mulighetar allerede innen få minutt var spelt, dessverre uten å få ballen i mål. Men Øystese sitt hurtige angrepsspel fortsatte med stil, og ikkje lenge etterpå var Øystein Lammedal på eit flott løp i bakrom og satte ballen i mål til 1-0 og strålande jubel. Like etterpå var samme mann frampå atter ein gong, og 2-0 var eit faktum. Kombinasjonspele til Øystese var strålande, laget spelte flott fotball. Morten Øyri viste litt av potensialet noken av spelarane på detta laget har inne, då han Zidane-dribla seg igjennom forsvaret til ÅVK på magisk vis, før han slapp ballen perfekt gjennom til Mathias Johansen som satte ballen kontant nede i hjørnet. 3-0 til pause, og sjølvtilliten er endelig komt tilbake!

 

2. Omgang opna i eit litt lavare tempo i det som kan reknast som ein litt jevnare omgang. 2 bytter vart gjort i pausen med Herman Nordmark inn for Lars Mundheim Oma, og Tor Erling Solberg inn for Joakim Lillevik. Øystese hadde grei kontroll på kampen og kom på fleire farlige kontringar. Dog var det litt større strekk mellom lagdelane, og ordet Hawaiifotball kan vel brukast som eit passande ord om kampen på denne tida. Øystese var alikevel ikkje ferdige med å skåre, men det måtte ein keeper til for å få hull på byllen i 2. omgang. Keeper Eivind Solheim inn på topp for Øystein Lammedal, som like godt gjekk rett inn og satte ballen i mål. «Genistrek!» lyder det frå Svein Inge Børven på sidelinja. Resten av kampen var mykje tut og kjør, noko som det fort kan bli når eit lag leder 4-0. Men Øystese har god kontroll og stikker av med seieren i Norway Cups første kamp.