Øystese sitt jenter 13 lag rykka opp i fyrste divisjon i vår og var spente før debuten i toppdivisjonen. Trenar Øivind Kristiansen starta med å fortella om kor mykje han tapte med Øystese når han var i fyrstedivisjon. Jentene var derfor innstilt på å få det tøft.  Fyllingsdalen har sannsynligvis litt fleire jenter fødd i 2003 enn Øystese sine 9 (men godt hjelpen av 2 Ålvik jenter og 2 jenter fødd i 04 er ein 13 jenter å velge i) Fyllingsdalen var og eit av dei beste laga Øystese har møtt og hadde mykje av spelet.  Men det var Øystese som var farlegast framfor mål. Eit mål av Andrea Håland etter 2 minutt og eit mål av Emma Kristiansen etter 20 minutt sørga for at pauseresultatet var 2-0 til Øystese.  Også i andre omgang hadde Øystese eit par store sjanser men ikkje noko utteljing slik at sluttresultatet vart også 2-0 til heimelaget