Øyvind Berge vart på Øystese sitt julebord i går kåra til årets spelar i 2016.  Det er spelarane sjølv som stemmer på den dei har meint har gjort det best i løpet av sesongen. Øyvind debuterte tidleg på Øystese sitt A lag og allerede som 17 åring i 2009 viste han at han var ein målfarleg spelar. Han vart den mest effektive spelaren på Øystese sitt A lag det året med mange mål som innbyttar.  Etter å ha fullført Øystese Gymnas var Øyvind vekke eit par år på folkehøgskule og utdanning.  I fjor flytta han heim att til Øystese og hadde ein sesong som støttespelar på Øystese sitt B lag. Foran årets sesong var Øyvind interessert i å satse meir på fotballen og tok steget opp att som A lagsspelar.  Og for eit comeback det blei.  Med 16 scoringer enda Øyvind som den tredje mest scorande i avdelinga.  Det er enda meir imponerande når ein veit at det var for eit lag som havna nederst på tabellen. (Dei to over Øyvind på toppscorerlista var på laga som vart nummer 2 og 3 på tabellen)

Webredaksjonen har fått eit par år med årets spelar:

1 – Kva tenker du om å bli kåra til årets spelar i Øystese ? Det er selvfølgelig stort å bli årets spelar på A-laget. Med tanke på at eg kun spelte for B-laget i 6.divisjon forrige sesong.

2. Kva vil du framheve som din største prestasjon i årets sesong ?  Årets prestasjon må bli kampen mot Åsane 2, då eg skåra 4.mål. Ellers syns eg lagets beste kamp var heima mot Varegg, då me vant 2-0.

3. Kva ambisjonar har du foran neste sesong ?  Neste sesong har eg som å bidra med fleire mål, slik at me skal kjempa i toppen av tabellen

4.  Har du nokon ord til fansen ?  Gleder meg stort til neste sesong, og håpe da e mange som tar turen på kamp neste sesong.

Øystese Fotball gratulerer Øyvind med utmerkinga som gjev han plass på fylgjande ekslusive liste over tidlegare vinnarar

 

Årets beste unge spelar:                               PLAYER OF THE YEAR
2004  Leif Tore Gjerde                                         Trygve Laupsa
2005  Eirik Flotve                                                  Morten Jakobsen
2006  Torgeir Børven                                           Thomas Haugsøen
2007  Eivind Madsen Skeie                                 Kristian Pettersson
2008  Eirik Gjøsæter                                              Leif Tore Gjerde
2009  Bjørnar Skjelvan                                             Henrik Moen
2010   Alexander Høvik                                          Morten Langseth
2011    Morten Madsen Skeie                                Espen Bjørkevoll
2012   Sebastian Skåre                                           Alexander Høvik
2013   Anders Næs                                                  Rune Myklebust
2014   Lars Henrik Hellingsrud                           Matias Møvik
2015  Roar Vestbø                                                  Morten Madsen Skeie
2016  Hans Berge jr                                                Øyvind Berge