Tonny Tysnes har vore i Øystese i 3 perioder før og er no klar for sin fjerde periode i Øystese. Denne gongen vert det berre ein liten gjestevisitt i cupen. Det vil sei går Øystese til cupfinalen vert Tonny med heile sesongen. Tonny spelte sin fyrste kamp for Øystese som ung og lovande i 2010. Også det ein cupkamp der Norheimsund blei slått 3-0. I tillegg til 2010 sesongen har Tonny vore i Øystese 2013 og 2014 sesongen samt eit lite innhopp i 2016 sesongen. Tonny er kjent og frykta i lokalfotballen som ei målmaskin uten sidestykke.  Tonny scorer mål på bestilling so me  får håpe han kan bidra til å skyte Øystese videre i cupen

Webredaksjonen har fått eit par ord med målmaskina Tonny:

1 – Kvifor vert du med Øystese i cupen?  Då får eg muligheten til å testa meg på ett litt høgare nivå etter gamalt, samt att eg får ta del i ein fantastisk gjeng. Ekstra kjekt når ein del av spelarane frå min forrige periode i Øystese har valgt å spela for klubben igjen.

2 – Kvifor vert du ikkje med heile sesongen ? Eg er spelande trenar i Dale, og ønske å hjelpa ei ung spelargruppe tilbake til 5.div. Grunna skade i fjor fekk eg desverre ikkje bidratt så mykje så eg hadde håpa på

3 – Kva er ditt beste minne i Øystese drakt ? Brannkampen i NM for nåken år sia.

4 – Kva ambisjonar har du i år ? Først og fremst jobba med min egen fysiske form så ein aldrande kropp kan sparka ball ein del år til.

5 – Korleis trur du det går med Øystese i år ? Med alle mann tilgjengelig kjem Øystese til å kjempa om opprykk.