Øyvind Aarhus som slo gjennom på Øystese sitt A lag i 2008 då han som 16 åring fullstendig stoppa Strandebarm sin stjernespelar Kjetil Eliassen i viktig A kamp på Strandebarm sitt flotte anlegg. Etter det har han veksla litt mellom å spele på A laget og B laget.  Dei siste åra mest på B laget men innimellom har han stilt opp som superreserve på A laget. I 2017 får verken Øystese A eller B dra nytte av Øyvind Aarhus sine tjenester då han lånes ut til Laksevåg.  Dette vil også spare Øystese for store tapeutgifter då Øyvind bruker ca 1 rull pr trening/kamp.  Webredaksjonen har fått eit par ord med den ikkje lengre unge lovende Aarhus

1 – Kvifor forlet du Øystese no ?
Er mest på grunn av at det vert litt lettare å få trent fotball med ein klubb her i bergen, sidan eg for tida bur her i byn.

2 – Kva er ditt beste minne i Øystese drakt ?
Har veldig mange gode minner i øystesedrakta. Eit av dei beste personlig er nok då eg kom innpå og faktisk skårte med hovudet mot Fyllingsdalen 2. Trur det er ein av dei få gongane eg har vunne ein hovudduell.

3 – Ser me deg i Øystese drakt ved seinare høve ?
Ja eg er heilt sikker på at eg kjem til å spela fleire kampar for klubben i mitt hjarta Øystese ved eit seinare høve.

Øystese Fotball ynskjer Øyvind lykke til i Laksevåg og velkommen tilbake ved seinare høve