Rune som i mange år var ein støttespelar på A laget til Norheimsund er no klar for å kle seg i blått. Dei siste åra har Rune vore stjernespelar på Fosenlaget i Trondheim grunna jobb i bartehovudstaden. Rune vil fortsette å jobbe der oppe slik at han vert kun tilgjengeleg torsdag til søndag i Øystese og vil derfor vera ein typisk kampspelar.  Rune er hovedsakleg tiltenkt rolla som stjerne på B laget men ikkje bli overraska om han dukker opp på ein A kamp også i løpet av sesongen. Rune er også engasjert trenar på det lovende 2010 kullet til Øystese. Webredaksjonen har fått eit par ord med den blide teknikaren

1 – kvifor begynner du på Øystese no ?
Synes det er på sin plass å få nokre kampar med Øystesedrakt etter å ha budd her ei stund.

2 – kva ambisjonar har du på banen ?
Første mål må vera å komma meg på bana. Deretter ha det kjekt med fotball og slå litt tuttiser!

3 – korleis trur du det går med B laget i år ?
Kan ikkje skjønne noko anna enn at det må vera i toppen

4 – Noko anna du vil sei ?
Eg liker heimekampar!  Håper også å sjå fleire i trenerteamet til 2010gjengen på banen i ein B kamp!

Øystese Fotball ynskjer Rune velkommen og lykke til i blått