Er du fødd i 2001 og har lyst å satse på fotball ? Viss svaret er ja kan du få eit tilbod utanom det vanlege av Øystese Fotball frå hausten av

5 utvalgte spelarar fødd i 2001 vil få eit ekstraordinært tilbod frå hausten av. Desse 5 skal

  1.  – Trene fast med A laget til Øystese
  2.  – Få sin eigen personlege trenar med minimum UEFA C lisens som kan
    følga dei opp når som helst
  3. –  Delta på ei treningsveke med juniorlaget til ein toppklubb i Nederland i haustferien (tilrettelagt
    av Christian Kjosås)
  4. –  Delta på Norway Cup i august
  5. –  Delta på ei treningsveke med juniorlaget til ein toppklubb i Portugal  i vinterferien (tilrettelagt
    av Joao Vitor)
  6. –  Få tilrettelagt undervisning i samarbeid med Øystese gymnas.

Alle som søker om å bli ein del av Golden Five må levera ein personleg søknad der dei fortel om sin motivasjon for å bli ein del av dette tilbodet

Treningskvardagen vert som følger: 3-4 treninger på dagtid med Øystese gymnas, 4 treninger på kveldstid med Øystese Fotball samt 2 egenøkter = 10 treninger i veka

Synes du dette høyres spanande ut kontakter du Øystese Fotball på post@oystesefotball.no eller sportssjef Christian Kjosås på 99169435 om du ynskjer meir info om prosjektet

 

Det vert også eit info/treningsmøte den 18 februar med følgande tidsplan.

11.00 – Omvisning Øystese Gymnas samt info om Golden Five
13.00 – Lunsj samt overvære A kamp Øystese – NBK
15.00 – Treningsøkt
17.00 – Avslutning