Øystese sitt gutter 16 lag møtte i dag Osterøy sitt g16 lag til treningskamp.  Frå trenar Ole Glesnes har me fått denne rapporten :

Osterøy startar kampen best og dominerar dei fyrste 10-15 minuttane. Likevel skapar dei ikkje meir enn ein sjanse, som riktignok er stor (stolpe ut). Når respekten blir lagt til sides og me tørr å pressa høgare i banen tar me meir og meir over. Me lykkast veldig bra med høgt press og skapar to-tre store sjansar på venstre sida. Etterkvart får me også 1-0 leiinga satt av Adrian Solås. Dette resultatet held me til pause. 2.omgang startar, som første omgang, litt rotete for oss. Osterøy er heldige som får 1-1 etter ein frisparksituasjon men me svarar med ein gong og går opp i 2-1 ved Adrian igjen. Omgangen er litt prega av at det er ein treningskamp og det blir litt meir strekk i begge laga. Osterøy held seg til kampplanen og prøvar å spela seg ut sjølv om me står høgt. Me lykkast fleire gangar med brudd høgt i banen men dessverre er me ikkje effektive nok på siste tredjedel og får ikkje uttelling. Derimot får Osterøy 2-2 og etterkvart 3-2 etter feil av oss. Dette blir og sluttresultatet.

Sjølv om me tapar gjennomfører me ein veldig god kamp med tanke på årstida.Alle 13 som er med gjer ein veldig god figur. Spesielt defensivt speler me bra sjølv om me får tre i mot. Osterøy er effektive og skapar ikkje så mykje utenom måla mens me brenn veldig mange sjanser. Med tanke på at Osterøy sitt g16 spelar i 1 divisjon er det absolutt godkjent av Øystese i fyrste treningskamp