Gutter 16 laget til Øystese møtte i dag naborival Norheimsund til treningskamp. Alltid høg temperatur i nabooppgjer men meget surt vær sørga for at gradestokken holdt seg nærme 0. Begge lag har ein del halvsjanser før Øystese tek leiinga. Ein genial gjennombruddspasning av hospitant Truls Joensen sender Sander Bekkesletten åleine med keeper. Keeper gjev retur på skuddet og Håvard Botnen kan enkelt sette inn 1-0 i tomt bur. Begge lag kriger bra men unøyaktige pasninger sørger for at det aldri vert heilt farleg framfor dei to keeperane. I andre omgang er hospitant Truls Joensen på farten igjen. Fyrst smeller han ballen i tverrligger før han eit par minutt seinare på ny leverer ein assist. Igjen er det Håvard Botnen som setter ballen i mål. 2-0 står seg til ca 5 minutt før slutt. Då får Norheimsund sin raske spiss ein fin ball i bakrom som han når før keeper og reduserer til 2-1 som vert sluttresultatet.