Øystese møtte i kveld Osterøy på Øystese Stadion. Ein del skader og forfall gjorde at ein måtte starte med ein syltynn tropp. Osterøy kom best i gang i kampen og hadde eit par farlege sjanser før dei tok leiinga 1-0. Øystese hadde og eit par halvsjanser men ingen uttelling i fyrste omgang. I andre omgang rokerte Øystese litt på laget og tok over kommandoen i kampen. Fyrst utlikning og deretter leiing 2-1 ved Anders Næs. På slutten av kampen var det mange tunge bein men ingen å bytte inn. Osterøy tok på nytt initiativet i kampen og utlikna til 2-2 før dei tok leiinga 3-2 på straffe. Øyvind Berge var nærme å utlikna i det 90 minutt då han nikka i tverrliggeren men kampen enda 3-2 til gjestane frå Osterøy