Keepergruppe på fotballskulen

Minnar om at det er keepergruppe på fotballskulen. Mange av instruktørane er keepere slik at om du ynskjer ekstra oppfølging på keeperbiten melder du deg på den gruppa.

Her kjem resten av invitasjonen som vart sendt ut frå oppmenn til alle laga

Øystese Fotball arrangerer fotballskule i palmehelga 7-9 april. Sportssjef Christian Kjosås vert hovudinstruktør og med seg som instruktørar har han resten av  Alags spelarane til Øystese. Det vert eigen keepergruppe på fotballskulen.

Pris: 600 for fyrste born og 500 for neste born om du har søstre/brødre som deltar. Inklusiv i prisen er lunsjmat og drikke.  Sidan dette er rett før påske vert det og den tradisjonsrike påskeeggkonkurransen i løpet av fotballskulen.  Påmelding til post@oystesefotball.no 

Tidspunkta er 17-19 på fredag og 10-16 på laurdag og søndag

Velkommen til 14 lærerike og morsomme fotballtimer

By | 2017-04-01T11:19:23+00:00 1. april 2017|0 kommentarer