Det er ikkje ofte keepere scorer hattrick men i dagens juniorkamp sørga A lagets reservekeeper Mathias Berge for den prestasjonen. Eit ungt juniorlag med 8 guttespelarar tok imot Eikelandsfjorden til årets fyrste seriekamp. Allerede etter fire minutt låg den fyrste ballen i nota. Banens gigant Torbjørn Femsteinevik Stakseng serverte ein krempasning til Øystein Lammedal som med venstra gav Øystese leiinga. Samme mann auka til 2-0 då han vart spelt fri av Aleksander Digernes. Eit frispark frå Even Haga frå 30 meter sniker seg under keeper. Ein liten keepertabbe men likefullt 3-0. Då Torbjørn Stakseng smeller ballen i krysset frå 15 meter til 4-0 virka kampen over men Eikelandsfjorden gav seg ikkje. Fyrst reduserte dei til 4-1 før 4-2 kom like etter. Eikelandsfjorden tok litt over initiativet i kampen men so begynte Mathias Berge å score. Fyrst nikka han inn 5-2 frå nesten død vinkel, deretter smeller han inn 6-2 frå langt hald før han avslutter med og nikke inn 7-2 frå kort hald etter retur frå tverrligger. 7-2 siger, 3 poeng og ein god seriestart for juniorlaget