Gutter 14 møtte i dag naborival Norheimsund til seriekamp.  Mykje adrenalin og energi frå begge lag. Øystese opna best, og fekk eit mål allereie etter ca 4 minutt, delvis sjølvmål. Hospitant Heine Skåre var nest sist på ballen. Deretter var det mykje fram og tilbake på midtbanen. Ingen skapte dei store målsjansane. I 2.omgang var det Norheimsund som pressa på for å få mål. Men Sigurd Madsen i Øysteseburet hadde ein god dag på jobb med nokre flotte redningar slik at kampen enda 1-0 til Øystese.