G16 har hatt ein god start på sesongen. Dei starta med å vinne ein vanskleg bortekamp mot Åsane. Etter å ha komen under til pause snudde guttane kampen og vann til slutt 5-3 etter mål av Adrian Solås (3), Valdemar Børresen og Truls Joensen.

Andre kamp var på heimebane mot Voss og her leverte guttane virkelig varene og vann 14-1. Frå trenar Ole Andre Glesnes har me fått fylgjande rapport:

Første heimekamp kunne ikkje opna betre. Sjølv om kampforberedelsane blir noko forstyrra av at det er kamp før oss er gutta skikkelig på i frå fyrste ballspark. Under minuttet er gått når ballen ligg i nettet. Dessverre for oss, men riktig nok heilt rett, bles dommaren for offside. Skuffelsen varer ikkje lenge, for allereie eit par minutt etter står det 1-0. Martin Fasteland header inn ein god corner frå Bienvenu Matare. Deretter kjem måla som perler på ei snor. Etter 15 minutt ledar Øystese 4-0 etter mål frå Adrian Solås (Øystein Lammedal), Håvard Botnen (Adrian) og Øystein (Aleksander). Kampen er vel allereie punktert på dette tidspunktet, men gutta beheld konsentrasjonen og er offensive. Resten av morroa i første omgang er det Adrian som står for. Først lagar han 5-0 og 6-0 etter flotte forarbeid av Aleksander og Valdemar Børresen før han framprovoserar eit sjølvmål. Deretter scorar han like så godt to til då han blir servert av henholdsvis Bienvenu og Øystein og stillinga står 9-0 til pause.
I pausen blir me einige om å prøva å nullstilla og prøva å holda nullen ut kampen. 2.omgangen startar som den første. Etter ein bra slått corner blir det klabb og babb i feltet før den til slutt landar hos Daniel Onarheim som sett inn 10-0. Når ledelsen er så stor kan det vera lett for å mista konsentrasjonen i enkelttilfelle og det skjer. 10-1 kjem etter ein lang ball i bakrommet. Riktig nok ein klar offside ifølge sikre kilder på tribuna men nullen sprekk. På ein dag som dette gjer det ingenting. Gutta hever seg eit par hakk og finn igjen flyten frå første omgang. Etter baklengsmålet får Øystein seg ein ekte hattrick. 11-1 kjem etter han sjølv vinn ballen høgt i banen medan på dei to neste blir han servert av Truls Joensen og Sander Bekkesletten. Sander som har spelt ein kjempe god kamp får endelig sjansen høgare i banen og takkar for tilliten med å avslutta scoringsballet. Sluttresultatet blir dermed 14-1.