Storsiger på heimebane for j19

Storsiger på heimebane 2. serierunde for J19 Øystese

Øystese-Bjarg/Gneist 9-0 (3-0) 29. april 2017

Kampfakta
Øystese og Bjarg/Gneist møtte med 15 spelarar på kvart lag. Bjarg/Gneist i snitt eit år eldre enn Øystese. Dommar: Atle Reiersen

1-0 etter 7 minutt Rebekka Eikeland
2-0 etter 33 minutt, nok eit mål av Rebekka Eikeland
3-0 etter ca 40 minutt Nora Mo-Bjørklund headar inn
4-0 Silje Hestad Valland opnar målshowet 4 minutt (49 min) ut i 2. omgang
5-0 mål av Martine Fagerbakke Skeie igjen etter 58 minutt
6-0 etter 70 minutt Elsa Lofthus Rosseland
7-0 etter 79 minutt Rebekka Eikeland
8-0 ved Silje Hestad Valland ca 85 minutt
9-0 ved Oena Longo 89 minutt

Litt nervøs start i dag, då damene forventa stor motstand frå to store bylag som har slege seg saman Bjarg/Gneist. Øystese-damene har aldri møtt Bjarg tidlegare, men har vanlegvis hamla opp med Gneist i serien. Unnataket var i fjor vår då Gneist-damene slo Øystese ut i NM i første runde.

Øystesedamene greidde å motivere seg for pågåande innsats trass i at det var lite motstand frå det gjestande laget. I sum hadde Bjarg/Gneist eitt angrep på mål som kjem innanfor definisjonen. Øystese fekk til sitt gode passningsspel og det portugisiske mantra; control the game, gav 100% utteljing i dag.

Imponerande at damene greier å halde oppe driven med så suveren dominans i spelet. Litt mange offside denne helga også – i tillegg til dei som berre dommaren såg, så vart det litt for mange. Jentene er på hugget og det er berre tragisk at vi berre har fire seriekampar att denne våren. Dommaren bemerka Øystese sitt gode spel og gav ikkje dei andre laga i serien store voner, men allereie tysdag er det Bønes/Løv Ham og då skal vi ikkje vera kjepphøge!

By | 2017-04-30T08:25:11+00:00 30. april 2017|0 kommentarer