Gutter16 tok sin fjerde strake siger då Arna/Bjørnar vart beseira 4-2.

Det var gjestane som starta best, men Øystese kom meir og meir med i kampen.  Midtveis i den første omgangen vart Øystein Lammedal spelt gjennom av Adrian Solås og litt mot spelets gang stod det 1-0. Øystese tok litt meir over kampen etter 1-0 scoringa og det var ikkje ufortjent at 2-0 scoringa kom. Aleksander Digernes var kongen i lufta på ein corner, som vart slått av Adrian Solås, og heada ballen kontant i nota.

I ein veldig jamn kamp bølgja det att og fram, men Arna Bjørnar tok meir og meir over i 2.omgangen og fekk både 2-1 og 2-2 mot slutten. Adrian Solås var derimot ikkje ferdig med å servera for kvelden og berre 6 min før slutt fann han igjen Øystein Lammedal som enkelt sendte Øystese i føringa. Daniel Onarheim som spelte ein veldig bra kamp punkterte kampen med si 4-2 scoring like før slutt. Scoringa fortjenar kanskje topp ti plassering på lista over mest spektakulære mål som er scora på Øystese Stadion. På noko som egentlig er ein klarering bankar han ballen frå rundt midtbanen (kanskje litt bakom og til og med)oppover i banen. Ballen går i ein veldig høg bue og når A/B’s keeper slit med å berekna ballbanen ender ballen til slutt i nettet til ellevill jubel. 4-2 blir dermed sluttresultatet og G16 laget toppar tabellen i 3.div avd 3