I ein tett og jevn kamp mot Vadmyra sleit Øystese seg til 3 nye poeng og tabelltopp. Mykje skader for Øystese i vårsesongen og før dagens kamp var både 1., 2. og 3. keeperen skada. Dette gav trenar Christian Kjosås ikkje noko anna valg enn å sette seg sjølv i mål noko han forøvrig klarte bra. Øystese starta kampen bra og hadde ballen i nettet allerede etter 5 minutt men linjemann markerte offside og derfor ikkje noko tellande mål. Resten av omgangen var prega av kriging og lite finfotball.  Andre omgang fortsatte i samme mønsteret.  Ein sjansefattig kamp men ti minutt før slutt tok det litt fyr i kampen. Øyvind Berge skyt frå 16 meter. Sebastian Stenqvist står foran keeper og forandrer retning på ballen slik at keeper vert sett ut av spel. 1-0 til heimelaget og Vadmyra må jage utlikning. Dermed opner kampen seg litt opp. Øystese får ein gigantisk trippelsjanse eit par minutt før slutt. Tre skudd frå 4-5 meter og ballen går som ping pong inne i feltet og to enorme redninger av keeper. Der burde det stått 2-0.  Det gjer likevel ikkje so mykje då kampen ebber ut med 1-0.  3 nye poeng til Øystese og tabelltopp
15 år gamle Martin Fasteland som har spelt ein del treningskamper i vinter for Øystese sitt A lag fekk i dag sin debut i offisiell kamp og gjorde seg ikkje vekk det kvarteret han spelte