Øystese sitt B lag har ein tendens til å havne i målrike kamper. På dei fem fyrste kampane har dei scora 29 mål og slept inn 22.  Dette betyr eit snitt på litt over 10 mål pr kamp.  So er du på jakt etter målrike kamper bør du ta ein kikk på Øystese sitt B lag. Å vera det laget i avdelinga som har scora mest og samtidig sluppet inn mest viser at det lekker i begge ender.  Også helgas kamp vart av det målrike slaget. På grunn av bortekamp og kollisjon med Premier League innspurten var det få B lagsspelarar som tok søndagsturen til Osterøy og kamp mot Hausvik. Det betydde ein 11er beståande av stort sett juniorer og A lagsspelarar. 10 av 11 som starta forrige B kamp var ikkje med i dag.
Adrian Solås starta målkalaset mot Hausvik då han smelte eit frispark frå 20 meter i vinkelen. Deretter pressa Salaah Mohamed Hausvik sitt forsvar til å nikke ballen i eget mål. Like etter gjorde Vitor Martelo 3-0 før Hausvik reduserte på straffe etter at Oddbjørn Kvarekvål brukte hendene i egen 16 meter. Sebastian Kyemo skulle prøve å legge inn men innlegget gjekk heilt feil og svingte inn i krysset bak ein forfjamsa Hausvik keeper. 4-1 var pauseresultatet men Øystese 2 auker til 5-1 tidleg i andre omgang ved Vitor Martelo.  Etter å ha sparka ned Sebastian Skåre får Hausvik raudt kort og vert redusert til 10 mann.  Men etter dei vart ein mann mindre er Hausvik mykje betre. Fyrst reduserer dei på straffe etter at Aleksander Digernes er litt for tøff i taklingen inne i 16 meteren. Deretter får dei ein ny redusering før Adrian Solås på ny er frampå og gjev Øystese 2 leiinga 6-3. Ny redusering av Hausvik og ny scoring av Martelo gjev 7-4. Hausvik reduserer enno ein gong og prøver å skape litt trykk på slutten men kjem ikkje nærmare enn 7-5.  Med 10 mann «vinn» Hausvik 4-2 men det betyr ikkje so mykje sidan Øystese 2 vinn kampen 7-5. Dagens kaptein Frank Kjøsnes styrte midtbanen og viste at dei gamle er eldst fortsatt