Det nærmar seg Øystese Cup. 125 lag og over 1000 fotballspelarar skal springe etter ballen på 9 forskjellige baner i Øystese. Kampane startar so smått på torsdag men det er fyrst på fredag kveld ein for alvor set i gong. Kampoppsettet finn du på vedlagte link

Når over 1000 fotballspelarar skal på plass i Øystese so kan det fort bli problem med parkering. Me oppmodar derfor lokale helter om å bruke parkeringsplasser litt unna sentrum (Busdalen, Øystese trykkeri, kaien) og gå dei siste metrene. Det kan og vera ei fin helg å finne fram sykkelen. Over 300 personer er i sving for å få cupen gjennomført men dersom du skulle ha lyst å bidra i helga er det berre å ta kontakt.