Øystese cup er i gang

Øystese cup er godt i gang, og det er allerie spela over 30 kampar. Vergudane ser ut til å spela på lag med oss i år og, det er gode meldingar for heile helga. Fredag kveld var det bra aktivitet og det var fotballspelarar fordelt over heile Øystese. Kampane gjekk både i Busdalen, Mikjelsflaten og på kunstgrasbanen. Laurdag vert også barneskulen, hotellhagen teken i bruk, slik at det vert spelt kampar på ni banar samstundes. Seinare på dag vert det også både andeløp og barnediskotek.

Under er nokre glimt frå aktiviteten fredag kveld:

By | 2017-05-26T21:52:00+00:00 26. mai 2017|0 kommentarer