TINE fotballskule

For 20 året på rad arrangerer Øystese Fotball TINE fotballskule. I år er det 22-25 juni som er tidspunktet for den årlege TINE fotballskulen i Øystese. Øystese Fotball ynskjer fotballglade born frå 6 til 12 år frå heile Hardanger velkommen til TINE fotballskule. Sidan det er 20 års jubileum slår me på stortromma slik at alle deltakarane, i tillegg til å få ein TINE sekk og ei TINE jubileums t-skjorte, får ein Nike fotball, Nike shorts og Nike fotballsokker (samla veil pris på Nike utstyret er 590,-) I tillegg får alle sjølvsagt mat og drikke. Det vert grillmat fredag og laurdag medan det vert brødmat og frukt torsdag og søndag.  Tidspunkta er 15-18 på torsdag og 10-16 på fredag, laurdag og søndag

Det er A lags spelarane og A lags trenarane samt ein del andre kompetente fotballtrenarar som er instruktører ved TINE fotballskule i Øystese. Dei gledar seg til å jobbe med fremtidige stjernespelarar. Kostnad er 850 pr born. For påmelding og meir info sender du mail til post@oystesefotball.no
Antall plasser er begrensa til 100

Øystese Fotball ynskjer DEG velkommen til fire dagar med fotballmoro i Øystese!

By | 2017-07-07T19:47:44+00:00 31. mai 2017|0 kommentarer