Jenter 10 kan sjå tilbake på ein flott vårsesong med masse gode opplevingar på fotballbana. Laget består i år av 12 ivrige jenter født i 2007. Treningane og kampane i serie er saman med dei 6 jentene i 2006. Etter fleire sesongar i Hardangerserien, fekk jentene i år prøva seg i Bergensserien for første gong. Sportslig sett har det gått over all forventning. Resultatet vart ein uavgjort og resten sigrar i serien. På Øystese cup stilte dei med to lag, J10 og J11. Begge laga hadde ei fin oppleving med mykje bra spel, gode resultat og sosialt mellom kampane. Me gledar oss allereie til haustsesongen!